Verdas største krigsskip, som nyleg har vore på Oslo-besøk, får truleg ein unik sjanse til å få eit glimt av Giske kommune i løpet av det komande døgnet.
No ligg det amerikanske forsyningsskipet USNS Joshua Humphreys ifølgje NRK utanfor Måløy og ventar på hangarskipet USS Gerald R. Ford. Sistnemnde skal ifølgje fleire medium bevege seg lenger nordover langs kysten vår dei neste dagane.
Saka held fram etter annonsen
Det har ikkje lukkast ØyBlikk å kome i kontakt med mannskapet om bord for å høyre om dei gler seg til å sjå øyriket vårt. Men det antar vi sjølvsagt at dei gjer.