To bilar, med fem involverte personar, kolliderte på fylkesvegen på Valderøya fredag.
Ifølgje politiet sin operasjonssentral fekk éin person skadar i ansiktet og blei sett til av lege som var på staden. I den eine bilen sat fire personar, i den andre éin. Rundt klokka 14 skreiv politiet på X at alle dei fem personane blei køyrt til legevakt for sjekk.
Saka held fram etter annonsen
Kollisjonen skal ha skjedd i 13:30-tida, og vegbana blei stengd ein periode.
Det var utfordrande vinterføre på staden, ifølgje operasjonssentralen. Politiet opprettar sak på forholdet.