Bebuarar ved Høgstein fyr på Godøya fann ein litt forkomen Timmy i sjøen denne veka. No vil dei gjerne kome i kontakt med eigaren.
– Krabaten rak i land på austsida av Høgstein. No er han plukka rein for tang og tare, har fått eit bad og sit framfor peisen og tørkar ulla, fortel Marie Løvoll til ØyBlikk.
Saka held fram etter annonsen
Om det finst nokon som saknar han: Kontakt ØyBlikk på redaksjon@oyblikk.no eller ring 40 85 82 84.
– Viss vi ikkje får tak i eigar, får han flytte inn med dei andre sauane på Høgstein, avsluttar Løvoll.
Nokre kjenner kanskje att figuren frå serien «Timmy-tid» på NRK Super.