ØyBlikk
2 minutter lesetid

Tilsett som kommunedirektør

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Kommunestyret i Giske vedtok måndag kveld å tilsette Karl André Birkhol som ny kommunedirektør, i tråd med tilrådinga frå formannskapet.

Det fortel ordførar Harry Valderhaug til ØyBlikk.

Birkhol blei invitert inn i kommunestyremøtet for å seie nokre ord til kommunestyret etter tilsettinga. Han blei gratulert og overrekt blomar frå ordførar og kommunestyret, seier Valderhaug etter det ekstraordinære kommunestyremøtet.

Saka held fram etter annonsen

Karl André Birkhol forlet jobben som kommunedirektør i Fjord kommune for å trø til i same stilling i Giske.

– Giske kommune har eit stort potensial for samfunns- og næringsutvikling, og eg ønskjer å vere med på å løyse ut dette potensialet og utvikle framtidsretta tenester for samfunnet med den stolte historia, sa Birkhol i samband med tilrådinga frå forhandlingsutvalet torsdag i førre veke.

ØyBlikk kjem tilbake med eit intervju med den nye kommunedirektøren i løpet av veka.