Knut André Haahjem vender heim til Giske kommune for å jobbe som journalist i ØyBlikk.
36-åringen flyttar heimover etter å ha vore busett på Vestnes ei tid. Dei siste par åra har han vore journalist for Vestnesavisa, Malviknytt og Avisa Lofoten. I perioden 2019–2021 jobba han som frilansjournalist for ØyBlikk.
– Det blir veldig gøy å kome heim til Sunnmøre igjen etter å ha budd i Romsdal dei siste åra. Eg har lagt merke til ØyBlikk si nye digitale satsing og tenkte at dette var noko som eg vil vere med på! Eg brenn for å skrive om det som skjer i lokalsamfunnet, fortel han.
– Alle fortener å bli høyrde
Knut André er oppvaksen i kommunen og kjenner dermed godt til forholda her.
– Dessutan er eg nyfiken på kva som er nytt på øyane og kva slags historier som vil møte meg. Eg vil bidra til at alle skal få si stemme, så eg kjem til å jobbe ut ifrå ei målsetting om at alle fortener å bli høyrde, seier han.
Dette er ei målsetting som samsvarar godt med ØyBlikk sine planar for framtida.
Knut André har ein bachelor i kommunikasjon frå Universitetet i Agder.