Svarer om papiravis-levering: – Vi tar det på tyngste alvor
Distributøren opplever det som rart å bli stilt spørsmål om papiravisdistribusjonen. Dagleg leiar i ØyBlikk, Robin Røkke, understrekar at alle abonnentar som opplever leveringsproblem blir følgt opp.
Tysdag kom opplagstala for andre halvår 2025, og redaksjonen i ØyBlikk erfarer at fleire har sagt opp komplettabonnement fordi papiravisa ikkje har blitt levert. Også vår søsteravis Vestnesavisa erfarer det same.
Det er Polaris Distribusjon Nordvestlandet AS (som del av Helt Hjem-nettverket) som er distributør av ØyBlikk sine papiraviser. ØyBlikk har vore i dialog med driftsansvarleg Ole Feiring i distribusjonsselskapet over to dagar.
Vi har spurt om korleis Polaris Distribusjon Nordvestlandet jobbar for å sikre god levering i postkassa til ØyBlikk-abonnentar i Giske. Vi har også spurt om korleis dei følgjer opp distribusjonsklagar som kjem frå ØyBlikk eller direkte frå abonnentane.
– Vi i distribusjonen opplever det som rart å bli stilt spørsmål om korleis vi jobbar med kvalitet i samband med distribusjon av ØyBlikk til ein avisartikkel på denne måten. Dette er den første førespurnaden vi har fått frå avishus med spørsmål om kvaliteten i vårt arbeid, og vi tolkar det som at dei (les: ØyBlikk) er misnøgde med oss som oppdragstakar, skriv Ole Feiring.
Dette skriv han trass i at Åndalsnes Avis skreiv om liknande distribusjonsproblem tilbake i 2022.
Vil sjå på leveringsområda
Feiring foreslår vidare eit kundemøte med ØyBlikk der ein ser nærare på områda papiravisa blir levert i, for å avdekke eventuelle problem og gjere utbetringar på aktuelle leveringspunkt.
– Vi håpar vi kan bli enda betre med distribusjonen av ØyBlikk gjennom dette, og få ei forståing av kvifor kvaliteten blir opplevd slik at det kostar avisa abonnentar, skriv han og legg til at han gjerne vil vite kven som har sagt opp avisa på grunn av leveringsproblem slik at ein kan gjere utbetringar på leveringspunkta det gjeld.
– Vi jobbar iherdig
Om handteringa av distribusjonsklagar frå ØyBlikk eller direkte frå abonnentar svarer han slik:
– Vi tar det på tyngste alvor at aviser ikkje kjem fram til kundar – vi vil forsikre alle om at vi jobbar iherdig med å få på plass alle manglande leveringar som kjem inn til oss. Vi har sett raskt på tal på klagar vi har i område for våre interne aviser, og det er generelt sett god kvalitet på levering i Giske dei siste seks månadene. Vi har derfor ikkje sett inn andre tiltak enn oppfølging av enkeltklagar og utbetring av leveringspunkt ut frå dette i dialog med avishus.
Vi har spurt om å få tal på kor mykje avvik det er på levering i Giske, men det har vi førebels ikkje fått.
Røkke: – Ikkje mange som ikkje får avisa
Vi spør dagleg leiar i ØyBlikk, Robin Røkke, om korleis leveringsproblem blir følgt opp av ØyBlikk.
– Alle klagar på levering blir sendt vidare til distributør etter distributøren si prosedyre. Det er sjølvsagt veldig surt for kundane å ikkje få avisa si som bestilt. Det er også veldig surt for oss å betale for levering av aviser som ikkje blir levert, seier han.
Røkke har drive lokalaviser i ei årrekke og er van med å handtere distribusjonsutfordringar.
– Eg har hatt avisleveringsproblem som ein sentral del av mitt virke i 18 år, og det er ikkje mange ØyBlikk-kundar – samanlikna med det eg har opplevd tidlegare – som ikkje får avisa si. Vi har ikkje generelt dårleg levering, men det er sjølvsagt ei fattig trøyst for dei få som blir ramma. Desse ønsker vi sjølvsagt å hjelpe så godt vi kan, understrekar han.

– Viktig at vi får melding
– Det er viktig at vi får melding dersom nokon manglar avisa, så følgjer vi opp saka. Og dei som opplever at noko ikkje blir følgt opp, må ta kontakt med vår kundeservice, avsluttar Robin Røkke som også er eineeigar og styreleiar i Tvisyn Media AS som eig ØyBlikk.
Ved mangel på papiravis får ein tak i avisa på ØyBlikk sitt kontor, distributøren etterleverer avisa eller ØyBlikk sine tilsette køyrer ut med avisa til postkassa.




