ØyBlikk
2 minutter lesetid

Stupetårn, kiosk og sandstrand: Vil ha strand- og fritidspark på Gjøsundneset

Elskar du strandliv, strandfotball og sandvolleyball? No vil eit utviklingsselskap satse på å kombinere næringsutbygginga på Gjøsundneset med strand og fritid.

ØyBlikk har fått innsyn i prosjektutkastet for Gjøsundneset strand- og fritidspark på Vigra. Prosjektet har eit samla kostnadsoverslag på om lag 30 millionar kroner, der kommunen skal seie seg villig til å dekke halvparten over investeringsbudsjettet samt stille areal til disposisjon.

Saka held fram etter annonsen

– Strand- og fritidsparken vil gli saumlaust inn i landskapet, og vil gi gode synergieffektar for både næringslivet og turismen i Giske kommune, heiter det i prosjektbeskrivinga.

Gjøsundneset før og etter. Stupetårnet vil ligge ved sida av Subsea 7 si kai. (Skisse frå sakspapira)

– Naturleg midtpunkt

Ordførar Kenneth Langvatn er positiv til ideen:

– Dette kan òg danne grunnlag for ei konkret sentrumsutvikling i Giske. Gjøsundneset er eit naturleg midtpunkt i kommunen, seier vigringen til ØyBlikk.

Prosjektet vil medføre at ein må fjerne store delar av utfyllinga som allereie er gjort mot Olmannsvika.

– Dette er massar som vi kan nyttiggjere oss av andre plassar i kommunen, understrekar Langvatn.

Utviklingsselskapet vil sende inn søknad om rammeløyve innan utgangen av april.

Dette var årets aprilsnarr.