I dag hadde vi eigentleg lyst til å invitere ein skikkeleg stilig kledd slåttekar, med sjølvlysande refleksklede, hjelm og kantklippar til ein danseslått for avisa, men ein slik kar fann vi ikkje. Då blei det berre eit litt kjedeleg bilete av eit sikkert vårteikn: Kantslått.
Slåttekarane frå Møre og Romsdal fylkeskommune var altså i gang med årets første kantslått langs fylkesvegen på Valderøya i dag. Slåtten tar vare på artsmangfaldet, viser det seg.
Tre meter frå vegen
Men først: Fylkeskommunen ber folk passe på private gjerde som står for nært vegen.
– Dei kan skape utfordringar. Kantslåtten skal gi betre sikt og tryggleik langs vegane. Skal vi få gjort jobben effektivt, er vi avhengige av eit samarbeid med grunneigarar langs fylkesvegane. Gjerda langs vegen bør vere minst tre meter frå vegkanten for ikkje å hindre arbeidet med kantslått, grøftereinsk og rydding. Gjerda bør òg vere i god stand, uttalar seksjonsleiar for vegdrift i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torgeir Bye, i ei pressemelding.
Truleg skapar det også utfordringar om folk står i veg-grøfta under slåtten. Spring heller derifrå.
Meir alvorleg:
– Det hender òg at entreprenørane blir hindra av at gjerde er montert rett på autovernet eller at det ligg stålstrengar eller netting i grøfta som kjem inn i slåmaskina, seier Bye.
Artsmangfald
Kantslåtten er òg eit viktig tiltak for å hindre spreiing av uønskte vekstar. Ved å slå tidleg og seint på sommaren, tar ein òg vare på vekstar ein vil ta vare på. Kantslåtten trengst for å få vekk framande artar som tar livet av alt rundt seg. Om ein ikkje fjernar dei, vil vegkantane bestå av lupinar og hundekjeks eller skog om nokre år, kjem det fram av pressemeldinga.
Spede spira lyt altså ikkje få stå. Og det er jo ikkje alle formar for hundekjeks ein vil gå rundt for å plukke med seg til Fido sin tallerken.
– Å bevare artsmangfald, insekt og naturmangfald er høgt prioritert. Vårt arbeid med å hindre framande artar, styrkar levevilkåra for naturlege norske arter og insekt som trivst i vegkantar og vegskråningar, understrekar Bye.
I løpet av året gjennomfører fylkeskommunen to rundar med kantslått (men truleg ikkje noko danseslått eller feleslått, altså). Første runden er i mai, den andre i august.