ØyBlikk
2 minutter lesetid

Fartøyet beklagar: – Var litt seine med å informere

Onsdag ettermiddag kunne ein i ein halvtimes tid høyre det som likna på skotsalver på Valderøya. No beklagar Forsvaret.

Lyden, som kunne likne på maskingeværskot, kom frå fleire kantar, og politiet la ut denne meldinga i politiloggen onsdag ettermiddag:

Saka held fram etter annonsen

– Politiet har mottatt fleire meldingar om moglege skot i området Valderøy. Dette viser seg å vere forsvaret som har hatt ei øving på sjøen. Ingen vidare oppfølging frå politiet si side.

Øvinga har ikkje blitt varsla på førehand.

– Litt seine

Jonny Karlsen hos Forsvarets operative hovedkvarter skriv i ein e-post til ØyBlikk at eitt av Forsvaret sine marineryddefartøy har øvd med lausammunisjon i området.

– Det betyr at det ikkje er skarpe skot, men det gir mykje av den same lydeffekten, skriv han.

– Det som høyrest ut som skotsalver er eigna til å skape frykt. Kva burde de ha gjort med tanke på dette?

– Fartøyet beklagar at dei var litt seine med å informere lokalt politi om aktiviteten, svarer Karlsen.