Giske kommune samla kriseleiinga onsdag etter rapportar om at Telenor hadde store tekniske problem og at alle naudnummer var sett ut av spel. Telenor opplyser at situasjonen no har betra seg, men naudetatane opplever framleis ustabilitet.
– Politiet opplever tekniske problem med telefonlinjene. Det er utfordringar med å kome igjennom på 02800 og 112. Innbyggarar kan kome i kontakt med politiet ved å ringe 70118700. Vi ber om at innbyggarar som har henvendingar som kan vente, ventar med å ta kontakt for å ikkje overbelaste linjene, skreiv Møre og Romsdal politidistrikt i Politiloggen i 12-tida onsdag.
110-sentralen melde på X at alle brannstasjonar blei bedne om å bemanne sine stasjonar. Om nokre skulle oppleve hendingar der ein ikkje fekk varsla, blei ein oppmoda om å ta kontakt på nærmaste brannstasjon.
– Vi ser ein betring i situasjonen, og held fram arbeidet med å rette opp i feilen, står det på Telenor sine sider klokka 15:10.
I løpet av onsdagen blei det rapportert frå fleire hald at det har tatt veldig lang tid å få kontakt gjennom naudnummera 110, 112 og 113.
– Det er ikkje vår oppleving at problemet er løyst. Vi opplever framleis ustabilitet av samtalar ut og inn til 110-sentralen, skreiv dei på X klokka 13:55.
Giske kommune opplyste at dei sette krisestab, og dei skreiv på sine nettsider at alarmsentralen for tryggleiksalarmar kunne ta imot beskjedar, men at det ikkje fungerte å ha dialog. I skrivande stund er det ikkje mogleg å nå legevaktsentralen, barnevernsvakta eller krisesenteret i Ålesund per telefon, ifølgje Ålesund kommune. Giske kommune opplyser dessutan at dei som har behov for helsehjelp må møte opp på Giske kommunale legesenter.
Situasjonen blir oppdatert på Giske kommune sine nettsider.
Både Møre og Romsdal politidistrikt og 110-sentralen erfarte utover ettermiddagen at folk framleis hadde problem med å kome igjennom på naudnummera. Vi oppmodar til å følgje utviklinga på Politiloggen og 110-sentralen på X vidare utover ettermiddagen og kvelden.
Årsaka til dei omfattande følgjefeila skal vere straumbrot i éin av Telenor sine sentralar.