Ein mann som var sakna etter at ein tom båt blei funnen ved Valderøya natt til 17. mai, kom til rette i løpet av morgonen.
Mannskap frå Ålesund, Sula, Valderøy og Godøy brannstasjonar var med på aksjonen i Valderhaugfjorden i morgontimane denne dagen. To brannbåtar, privatbåtar, helikopter, Røde Kors og fleire andre aktørar deltok i søket.
Saka held fram etter annonsen
Politiet opplyste seinare på føremiddagen at den som antakeleg var førar av båten blei framstilt for lege for blodprøvetaking grunna mistanke om føring av båt i rusa tilstand.