ØyBlikk
3 minutter lesetid

Så mange «bestøvingar» resulterte i fødslar i fjor

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Statistikken for fødslar i Giske i 2023 er offentleggjort.

Vi innleiar denne saka med eit gullkorn frå barnemunn: Først blir mora bestøva. Så festar støvet seg og begynner å slå røter. Til slutt kjem babyen ut av ei luke i enden av mora.

Saka held fram etter annonsen

I 2022 var det 83 fødslar i Giske. Dette har ikkje endra seg så mykje i 2023: I fjor blei 84 barn fødde. Fødslane fordelar seg slik:

  • Valderøya: 42 (25 jenter og 17 gutar)
  • Vigra: 15 (fem jenter og ti gutar)
  • Giske: 12 (seks jenter og seks gutar)
  • Godøya: 15 (seks jenter og ni gutar)

39 av barna blei fødde av førstegongsfødande, 21 av andregongsfødande, 15 av tredjegongsfødande og ni av fjerde- og femtegongsfødande. Ni av barna blei fødde av utanlandske mødrer. Fire av dei nyfødde er tilflytta til kommunen.

Netto barne- og familieauke

I 2023 har 38 barn frå 0-15 år (25 familiar) flytta til Giske kommune, ifølgje helsestasjonen. 15 av desse barna er utanlandske (åtte familiar). 33 barn frå 0-15 år (19 familiar) har flytta frå kommunen i 2023.

Fødselstalet for 2023 er langt unna toppåret for dei siste sju åra: 2017. Då det var 122 fødslar og heile 152 buande barn i eittårskullet i kommunen. 2021 var òg eit godt år, med 121 fødslar og 141 buande barn i kullet, men i 2022 sank fødslar og buande barn i eittårskullet til høvesvis 83 og 91.

Til slutt tar vi med enda eit gullkorn frå barnemunn: Det som er viktig for mødrer, er at dei får barn. Dersom dei tilfeldigvis er så uheldige å ikkje få barn, må dei vere aleinemødrer heile livet.