Rykte ut til Alnestunnelen: Var det ein grevling på ferde?

Naudetatane rykte ut til Alnestunnelen på Godøya etter melding om opning av eit brannskap.
– Naudetatane rykker ut for å undersøke saka, skreiv operasjonsleiar Tove Susann Brunvold Holst-Dyrnes hos Møre og Romsdal politidistrikt i politiloggen måndag ettermiddag. Nokre minutt etter opplyste Holst-Dyrnes at ingen er i naud i tunnelen.
Saka held fram etter annonsen
ANNONSE
Det er uvisst kva eller kven som har opna dette brannskapet – om det i det heile tatt blei opna og ikkje var ein teknisk feil – eller om det heile berre dreidde seg om bannskap.
Då ØyBlikk var på staden lukkast vi ikkje med å finne ut kva som har skjedd. Politiloggen seier i alle fall ikkje noko om ein grevling.