ØyBlikk
1 minutt lesetid

Riksvegen opna igjen: Bilførar mistenkt for ruskøyring

Onsdag ettermiddag var to bilar involvert i ei trafikkulykke på Valderøya. Riksvegen mellom Ytterland og Gjøsund er no open igjen.

Politiet opplyste om at det ikkje var meldt om personskadar, men riksvegen var stengt ein periode for opprydding. Det var omkøyring via fylkesvegen frå Ytterland til Gjøsund.

Saka held fram etter annonsen

17:45 opplyser operasjonsleiar Eivind Klokkersund hos politiet sin operasjonssentral at riksvegen er open igjen.

Ulykka skjedde ein stad langs riksvegen mellom Ytterland og Sætra, og det var store materielle skadar.

ØyBlikk erfarer at det var svært glatt på vegane på Valderøya denne ettermiddagen.

Politiet har avslutta på staden og oppretter sak på forholdet. Førar av den eine bilen er mistenkt for ruskøyring.