Produksjonstilskotet til ØyBlikk aukar frå 1,2 til om lag 1,35 millionar kroner for 2024. Tilskotet er med det inflasjonsjustert.
Medietilsynet har fordelt drygt 424 millionar kroner til 162 aviser i Norge. Støtteordninga likestiller papir- og nettaviser. Landslaget for Lokalaviser, ved styreleiar Øystein Øygarden og generalsekretær Tomas Bruvik, kommenterer følgjande etter at tala blei lagt fram onsdag:
– Lokalavisene må kvar dag kjempe for å halde på lesar- og annonseinntekter. Det viktigaste avisene gjer er å lage lokalt og truverdig innhald som folk synest er interessant og som styrkar lokaldemokratiet. All ære til dei mange små avisene landet rundt som gjer ein god jobb for levande lokalsamfunn.
– God auke
I fjor fekk ØyBlikk ein auke i tilskotet på 25,5 prosent, men då var hovudårsaka ei forskriftsendring som utløyste meir tilskot for lokalaviser med opplag under 2000. Opplaget til ØyBlikk for første halvår 2024 var på 1246, inkludert papir, digital og laussal. Kravet er 700 for å få tilskot.
– Vi har hatt ein god auke i abonnentar dei siste åra, og vi får fleire og fleire tilbakemeldingar om at ØyBlikk har stor verdi og relevans for lokalsamfunnet. Men vi håpar sjølvsagt at opplaget og abonnementstalet aukar meir framover. Per i dag abonnerer om lag 27 prosent av privathushaldningane på ØyBlikk, så her har vi mykje å gå på for å sikre drifta enda betre, seier ansvarleg redaktør Andreas Hesselberg.