ØyBlikk
2 minutter lesetid

ØyBlikk søker ung-journalist!

Føler du deg ung, initiativrik, lærevillig og likar å snakke med folk?

Lokalavisa ØyBlikk skal ha ei større satsing på ungdomsstoff. I samband med dette søker vi ein person til rolla som frilansar/ung-journalist i Giske.

Saka held fram etter annonsen

Tiltreding er snarast, og nedre aldersgrense er 16 år.

Det er ein fordel om du har kompetanse på å redigere videoklipp i høgdeformat, men ikkje eit krav. Det er også ein fordel om du kjenner godt til lokalmiljøet i Giske kommune.

I ØyBlikk vil du få stor fridom til å skape dine egne saker, hovudsakeleg med vekt på ungdomsstoff, men du vil òg få rettleiing i kva typar saker vi ønsker å fokusere på.

Er du mykje heime i sommarferien, kan kanskje arbeid for ØyBlikk vere forlokkande?

Målform er valfri, og det er fast frilanshonorar etter avtale. Opplæring vil bli gitt.

Arbeidsoppgåver: 
– Gjere intervju og skrive artiklar/reportasjar til vår nettavis og papiravis.
– Ta bilete, videoklipp og korte videointervju til eigne saker.
– Ta oppdrag etter skuletid, på kveldar, i helgar og i feriar.
– Drive oppsøkande verksemd for å lage relevante saker.

Kvalifikasjonar: 
– Initiativrik, idérik og lærevillig.
– Du kan formulere deg på ein god måte.
– Enkel foto- og videokompetanse, gjerne også redigering.
– Evne til å levere saker til deadline.

Send søknad til ansvarleg redaktør Andreas Hesselberg innan 26. april: andreas@oyblikk.no
Spørsmål? Kontakt redaktøren på 40 85 82 84.