Vil du skrive for ØyBlikk? Er du til dømes ein student som treng litt ekstra inntekt?
No vil vi gjerne ha fleire frilansarar i stallen! Om du elskar å skrive og har lyst til å formidle stort og smått frå lokalsamfunnet, kan du vere den vi ser etter.
Det journalistiske talentet ditt er viktigare enn formell kompetanse. Om du veit korleis du skriv nyheitssaker og reportasjar med tittel, ingress og mellomtitlar, er det tilstrekkeleg for oss. Det viktige er at du brenn for skriving og vil bidra til at lesarane får leseverdig og aktuelt stoff – på nett og papir.
Det er ein bonus om du har kjennskap til presseetiske retningslinjer, og det er kjekt om du kjenner lokalmiljøet i Giske kommune litt frå før.
Arbeidsoppgåver:
- Skrive artiklar og reportasjar til nettavis og papiravis, på oppdrag frå ansvarleg redaktør.
- Ta foto til eigne saker.
- Vere open for oppdrag på kveldar, i helgar og i skuleferiar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Gjerne skriveerfaring, men ikkje eit krav.
- Enkel fotokompetanse.
- Evne til å levere saker til deadline.
- Evne til å bruke digitale verktøy.
- God rettskriving og evne til å formulere seg på ein god måte.
- Uredd, punktleg, nøyaktig og strukturert.
- Idérik og svolten på å rykke ut når det trengst.
- Førarkort klasse B og tilgang til eigen bil.
Vi tilbyr:
- Fast frilanshonorar.
- Høve til å kome med eigne idear og innspel til saker.
- Høve til å forme lokalavisa si framtid.
Som frilansar har du valfri målform; bokmål eller nynorsk.
Send søknad til andreas@oyblikk.no
Søknadsfrist: Snarleg.
Spørsmål? Kontakt ansvarleg redaktør Andreas Hesselberg på 40 85 82 84.
Om ØyBlikk: ØyBlikk starta i 1985, dekker Giske kommune og er ei lokalavis i stor framgang, med god auke i opplagstal. ØyBlikk jobbar etter reglane for god presseskikk. Les meir her.