ØyBlikk søker frilansar
Vil du skrive for ØyBlikk? Er du til dømes ein student som treng litt ekstra inntekt?
ØyBlikk treng fleire frilansarar i stallen. Om du likar å skrive og har lyst til å formidle stort og smått frå lokalsamfunnet, kan du vere den vi ser etter.
Om du veit korleis du skriv artiklar og reportasjar med tittel, ingress og mellomtitlar, er det tilstrekkeleg for oss. Det viktige er at du har lyst til å formidle noko – både på nett og papir.
Det er ein bonus om du har kjennskap til presseetiske retningslinjer, men ikkje eit krav. Du bør kjenne litt til lokalmiljøet i Giske kommune frå før.
Arbeidsoppgåver:
– Skrive artiklar og reportasjar til nettavis og papiravis.
– Ta bilete og videoklipp til eigne saker.
– Ha høve til å ta oppdrag på kveldar og i helgar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
– Gjerne skriveerfaring, men ikkje eit krav. Valfri målform.
– Enkel foto- og videokompetanse.
– Evne til å levere saker til deadline.
– Evne til å bruke digitale verktøy.
– God rettskriving og evne til å formulere seg på ein god måte.
– Idérik og svolten på å rykke ut når det trengst.
Vi tilbyr:
– Fast frilanshonorar.
– Stor fridom til å kome med eigne idear til saker.
– Høve til å vere med på å forme lokalavisa si framtid.
Send søknad til andreas@oyblikk.no
Søknadsfrist: Snarast!
Spørsmål? Kontakt ansvarleg redaktør Andreas Hesselberg på 40 85 82 84.

