ØyBlikk
3 minutter lesetid

ØyBlikk satsar på høgdevideo

Høgdevideoformatet er i vinden, noko det ikkje var for inntil få år sidan. ØyBlikk hiver seg rundt og blir med på galska… eh, trenden, både på TikTok, Facebook, Instagram og på fronten av nettavisa.

ØyBlikk starta i 1985, og enkelte vil truleg påstå at vi er 40 år for seint ute med å registrere oss på TikTok. Vi har dei siste tre åra posta innhald jamt og trutt på Facebook og Instagram, og frå no av gjer vi det same på TikTok. Følg oss gjerne der!

Saka held fram etter annonsen
ANNONSE

Mange er sikkert kjende med YouTube-videoen «Vertical Video Syndrome» som kom for ti år sidan. Om du ikkje har sett han, er han verdt å sjå! Det var ikkje alle som var like begeistra for vertikale videoar/høgdevideoar på den tida (oss sjølve inkludert).

Men tidene forandrar seg! Og godt er kanskje det? No er det nemleg slik at dei aller fleste av oss les nettaviser og ser videoar på små smarttelefon-skjermar. Då er det enkelt å forstå at korte videoar i vertikal-/høgdeformat kan gjere seg best. Og slike korte videosnuttar er jo «sånn som ungdommen likar», som Kristian Valen sin karakter Nils Georg uttalte for mange år sidan.

I første omgang kan vi verken love sjarm eller profesjonalitet i klippa vi legg ut, men vi håpar at det vil skape meir interesse rundt sakene og innhaldet vi produserer for lesarane våre og innbyggarane i Giske.

Sjekk gjerne ut den nye kortvideo-karusellen på fronten av nettavisa vår.