Ny nettavis, nyoppussa papirutgåve og tilsetjing av journalist: Dette er berre noko av satsinga til ØyBlikk – ei satsing som startar i dag!
I dag, torsdag, lanserer ØyBlikk ny nettavis her på oyblikk.no. Avisa har historie tilbake til 1985. Eigarar har kome og gått, men det har aldri mangla på satsing og gode idear. Framleis er avisa ei frittståande og ubunden avis, som ikkje er underlagt store aviskonsern.
– ØyBlikk er – og skal vere – i kontinuerleg utvikling: Vi skal ta vare på den gode identiteten og viktige samfunnsrolla avisa har, samstundes som vi skal kome med meir spanande stoff i framtida. Eitt eksempel er spalta BokBlikk, som blir lansert i dagens papirutgåve. Og fleire nye spalter kan det bli, fortel redaktør Andreas Hesselberg.
Kuttar bindestreken
ØyBlikk har hatt bindestrek i namnet sitt i mange år (Øy-Blikk), men no er denne tatt vekk:
– Det har samanheng med eit behov vi ser for å samkøyre den digitale satsinga med oppussing av papiravisa. Nettadressa er oyblikk.no og øyblikk.no (ein kan bruke begge deler, red. mrk.), og såleis blir bindestreken litt malplassert, seier redaktøren.
– Det handlar om å gjere det enkelt og attraktivt. Det skal vere enkelt å bruke og lese lokalavisa vår i framtida. Derfor legg vi òg til rette for enkle abonnementsløysingar, både for digital og papir, med automatisk fornying, held han fram.
Pussar opp papiravisa
Samstundes har staben pussa opp papirutgåva for å gjere ho meir vennleg for alle lesarar. Det er ikkje radikale endringar som er gjort, men vonleg får avisa eit litt «luftigare» preg etter kvart – i alle fall dei vekene avisa ikkje er så breiddfull av annonsar.
– Noko er også gjort av reint tekniske omsyn, som til dømes å erstatte skrifttypar vi ikkje lenger kan bruke. Men med nokre års mellomrom er det også både naudsynt og frigjerande med ei visuell «opprydding», seier redaksjonsmedarbeidar Kristoffer Oftedal.
Betre for alle
Redaktør Hesselberg legg vekt på at ØyBlikk skal vere ei lokalavis som famnar breitt – og som famnar alle.
– Eg er heilt overtydd om at vi trekker til oss fleire nyfikne og nyheitshungrige menneske når vi no viser at vi for alvor kastar oss med på den digitale trenden i medianorge. Men dette skal ikkje gå ut over papiravisa: Papiravisa skal framleis vere god å halde i og triveleg å legge fram på stovebordet. Så håpar eg sjølvsagt at folk vil vere med på å ta vare på lokalavisa si gjennom å abonnere, ytre sine meiningar og tipse oss. ØyBlikk er det mediet som dekker og avdekker lokale forhold best, seier han.
Digital annonsekanal
Dagleg leiar og eigar av ØyBlikk, Robin Røkke, er glad for å kunne gi lesarane eit enda betre produkt.
– Endeleg får lesarane det digitale tilbodet dei fortener. No får dei lese lokale nyheiter løpande, og eg vonar også at annonsørar som har sakna ein digital kanal som treff alle i vårt dekningsområde kvar dag, tar kontakt med vår marknadsansvarleg for å prate om moglegheitene dette gir, seier Røkke.
Som ein del av satsinga skal ØyBlikk også tilsetje ein journalist.
– Det inneber ressursar til å satse enda meir på godt, journalistisk handverk, avsluttar redaktøren.
Etter tilsetjinga vil staben bestå av redaktør, journalist, redaksjonsmedarbeidar og marknadsansvarleg.