ØyBlikk
2 minutter lesetid

ØyBlikk på ekskursjon

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Tysdag og onsdag denne veka er staben i ØyBlikk samla på vindmølle-eldoradoet Haramsøya. Fagleg og kollegialt påfyll står på agendaen, saman med dei fire andre avisene i Tvisyn-konsernet.

Tvisyn AS, med frontmann Robin Røkke, eig både ØyBlikk, Vestnesavisa, Midsundingen, Malviknytt og Avisa Lofoten. Eit heilt konsern der, altså.

Saka held fram etter annonsen

Dei to dagane på Haramsøya skal Asgeir Olden frå Institutt for Journalistikk ha skrivekurs for redaksjonelt tilsette i alle dei fem avisene. Også kommersielt tilsette skal ha fagleg innhald.

Asgeir Olden har tidlegare vore journalist og redaktør i Sunnmørsposten, Dag og Tid, Bergens Tidende, Nynorsk Pressekontor og nestleiar og fagmedarbeidar ved Institutt for Journalistikk. For tida held han kurs på vegner av instituttet. (Foto: Andreas Hesselberg)

Sidan ØyBlikk nyt to heile dagar i vindmøllesus, blei papiravisa for denne veka sendt i trykken allereie måndag ettermiddag. Lesarane kan gle seg til ei fyldig påskeutgåve komande torsdag, fulldistribuert til alle husstandar i Giske kommune.

Ein god gjeng frå fem aviser samla på Haramsøya. (Foto: Kristoffer Antonsen)