ØyBlikk
2 minutter lesetid

ØyBlikk lanserer Torsdagsstand

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Som eit grep for å kome tettare på innbyggarane, blir Torsdagsstand lansert på nyåret. Då kan du treffe og samtale med redaktøren omtrent kvar tredje torsdag, på ulike stadar i kommunen vår.

ØyBlikk har som mål å auke innbyggardialogen og bli meir synlege i lokalsamfunnet.

– Tidvis kjem innbyggarar og lesarar innom kontorlokala våre med tips, ros, konstruktiv kritikk eller i andre ærend. Men det er ikkje så mange, så vi ønsker å vere meir til stades for dialog ute blant folk, seier redaktør Andreas Hesselberg.

Saka held fram etter annonsen

Første Torsdagsstand blir på Alnes fyr og opplevingssenter den 18. januar frå klokka 11 til 13.

– Kom innom standen for å gi oss tilbakemeldingar på kva vi bør skrive om, kva vi bør bli betre på eller berre for å slå av ein hyggeleg prat om kva som rører seg i ditt lokalsamfunn, oppfordrar redaktøren.

«Ruta» blir truleg lagt opp slik fram mot sommaren, alle med tidspunkt 11-13:

  • 18. januar: Alnes fyr og opplevingssenter
  • 8. februar: Kiwi/PSS Ytterland
  • 29. februar: Joker Vikane
  • 21. mars: Joker Godøy
  • 11. april: Rema Valderøy
  • 16. mai: Joker Vikane
  • 6. juni: Alnes fyr og opplevingssenter
  • 27. juni: Kiwi/PSS Ytterland

Eventuelle endringar blir annonsert i ØyBlikk på nett og papir.