ØyBlikk
4 minutter lesetid

ØyBlikk lanserer app: Få varsel om viktige nyheiter

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Ei enda betre lesaroppleving er målet når ØyBlikk no har lansert app for iPhone og Android. – Dette har lesarane etterspurt, seier utviklingsleiaren i Tvisyn-konsernet.

Den nye appen er tilgjengeleg i App Store og Google Play.

Med appen kan du lese saker og få varsel når viktige nyheiter blir publisert, og det er enklare tilgang til å administrere sitt eige abonnement.

Saka held fram etter annonsen

– Vi ser at dette er noko lesarane har etterspurt, seier utviklingsleiar i Tvisyn AS, Ole Gunnar Onsøien.

Les også: ØyBlikk aukar mest i fylket

Som abonnent har ein også tilgang til eavisa i appen. Det er ikkje mogleg å kjøpe abonnement i appen; det må gjerast via nettavisa vår på vanleg måte.

Tvisyn-konsernet eig ØyBlikk og seks andre lokalaviser.


Klikk her for å laste ned til iOS/iPhone eller skann QR-koden:


Klikk her for å laste ned til Android eller skann QR-koden:


Slik ser det ut når du skal logge inn i appen første gongen. Innlogginga er den same som i nettavisa, og du kan velje «Glemt passord» om du treng eit nytt.

Slik ser det ut når du trykkar på «Konto» i appen.

I appen kan du styre kva for saker du ønsker varsel om.

Ein har enkel tilgang til administrering av abonnementet i appen.