ØyBlikk har skifta kryssordleverandør

Annakvar veke får du ei oppgåveside med kryssord, sudoku og quiz i papirutgåva og eavisa.
Frå og med papirutgåva denne veka har ØyBlikk ei ny oppgåveside med kryssord, sudoku og quiz – sjølvsagt framleis på nynorsk. Hittil har vi trykt kryssord i annakvar papirutgåve, og det held vi fram med.
Saka held fram etter annonsen
ANNONSE
Denne veka var den nye oppgåvesida på trykk for første gong (baksida). Vi ser at teksten har blitt litt for liten, og det skal vi gjere noko med til neste gong.
Ein kan framleis sende inn løysingssetninga på e-post for å bli med i trekninga av to Flax-lodd.
Vi håpar at lesarane set pris på at sudoku er tilbake! Dessutan vil vi også framover trykke ein eigenlaga quiz dei vekene oppgåveside med kryssord ikkje er på trykk.