ØyBlikk beklagar og rettar
I saka om at politikarane har lagt inn forslag til vedtak i eit lukka system, men no endrar praksis for dette, brukte ØyBlikk følgjande ordlyd:
«– Dette bryt med møte- og openheitsprinsippet, erkjenner ordførar Kenneth Langvatn.»
Og vi skreiv dette i forsidetittelen på papiravisa:
«Erkjenner brot på møte- og openheitsprinsippet»
Det er ikkje riktig at Langvatn erkjenner eit slikt brot; under kommunestyremøtet omtalte ordføraren Sivilombudet si problematisering av praksisen og deira blikk på at dette bryt med møte- og openheitsprinsippet. Det er altså ikkje Langvatn si meining, men Sivilombudet si. Elles har Langvatn påpeikt i saka at han ikkje vil konkludere med at kommunen har gjort noko juridisk feil ved å implementere bruk av den omtalte funksjonen, og han understrekar at praksisen no blir endra for å vere trygg på at ein ikkje er på kant med lova.
ØyBlikk beklagar formuleringa og har no retta opp dette i nemnde artikkel. Rett skal vere rett.
