Onsdag la Mediebedriftenes Landsforening (MBL) fram opplagstala for andre halvår 2023. I Møre og Romsdal er det ØyBlikk som er vinnaren av prosentvis oppgang i opplaget.
Sunnmørsposten er størst i fylket, med eit opplag på 27 915 i andre halvår 2023. Det er ein auke på 3,3 prosent sidan andre halvår 2022. Romsdals Budstikke tar andreplassen med 17 750, ein auke på 3,6 prosent.
Om ein ser på den prosentvise auken av opplaget frå andre halvår 2022 til andre halvår 2023, er det ØyBlikk som tar førsteplassen med ein auke på 14,9 prosent. Like bak følgjer avisa Driva, med auke på 11,4 prosent.
– Dette var særs gledelege tal og viser at den digitale satsinga med lansering av ny nettavis i februar i fjor har hatt god effekt, seier ansvarleg redaktør i ØyBlikk, Andreas Hesselberg.
Les også: ØyBlikk lanserer torsdagsstand
– Gode tilbakemeldingar
Auken på 14,9 prosent betyr ein nettoauke i opplagstalet til ØyBlikk på 168 eksemplar (papir og digitalt samla). Komplett-abonnementet har ein nedgang på 95, men nedgangen blir spist opp av den digitale auken på 208.
– Vi ser at tendensen er færre papirabonnentar, men det er ei venta utvikling som også gjeld i dei aller fleste aviser i Norge, seier Hesselberg og viser til at det totale papiropplaget for norske aviser går tilbake med 16 prosent, medan digitalopplaget aukar med 9,5 prosent.
– Målet framover er sjølvsagt å framleis levere godt redaksjonelt handverk, både på nett og papir. Vi opplever at innbyggarane gir gode tilbakemeldingar på stoffet vårt, og vi skal halde fram med å ta samfunnsrolla vår på alvor, seier redaktøren.
Per andre halvår 2023 har ØyBlikk eit opplag på 1299 – noko som svarer til 37 prosent av husstandane i Giske.
Desse har opplagsauke i fylket:
- ØyBlikk: 14,9 %
- Driva: 11,4 %
- Nyss: 5,5 %
- Romsdals Budstikke: 3,6 %
- Sunnmørsposten: 3,3 %
- Aura avis: 3,0 %
- Sulaposten: 2,9 %
- Åndalsnes avis: 2,6 %
- Nordre: 2,0 %
- Møre-Nytt: 1,9 %
- Vikebladet Vestposten: 1,4 %
Desse har opplagsnedgang i fylket:
- Storfjordnytt: -7,9 %
- Vestnesavisa: -5,1 %
- Tidens Krav: -2,6 %
- Midsundingen: -1,0 %
- Møre: -1,0 %
- Bygdebladet: -0,7 %
- Vestlandsnytt: -0,7 %
- Synste Møre: -0,5 %