Frå første halvår i 2022 til første halvår i 2023 har ØyBlikk eit auka netto-opplag på 4,2 prosent.
– Dette er gledeleg! Vi jobbar kvar dag for at fleire innbyggarar i Giske skal sjå verdien av ei ultralokal avis. Andre regionaviser på Sunnmøre prioriterer ikkje å dekke politikk og lokale forhold i vår kommune noko særleg. ØyBlikk er dermed den einaste avisa som tar dei rundt 8600 innbyggarane på alvor, og det skal vi halde fram med å gjere, slik at alle abonnentar opplever å sitje igjen med verdi for pengane, seier redaktør Andreas Hesselberg.
Samla nedgang
Av 110 medlemsaviser i Landslaget for lokalaviser (LLA), som også ØyBlikk er ein del av, går rundt 60 prosent av lokalavisene tilbake og rundt 40 prosent fram. Det gir ein samla nedgang for totalopplaget på 0,9 prosent.
– Vi skulle gjerne ha sett at opplagstala var litt betre. Tatt i betraktning at mange har stram privatøkonomi for tida, kan vi likevel sjå oss nøgde. I valkampen og under førre vekes lokalval har vi dessutan sett utallige eksempel på at lokalavisene står veldig sterkt blant innbyggarane. Det er lokalavisene som har dekt kommunestyrevalet på ein fortreffeleg måte. Slik har lokalavisene demonstrert kor viktig det er for lokaldemokratiet å ha levedyktige lokalaviser, uttalar LLA sin generalsekretær Tomas Bruvik.
Når ein inkluderer Norges største nasjonale aviser og storbyavisene, er det 72 prosent av avisene som går tilbake i opplag. Blant nasjonale aviser er det berre Dagbladet Pluss som kan vise til vekst, ifølgje Medier24.
ØyBlikk lanserte splitter ny nettavis i februar i år.