ØyBlikk
1 minutt lesetid

Nytt trykkeri hos ØyBlikk

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Eit nytt, digitalt trykkeri er på plass i ØyBlikk sine lokale. Her blir førebels tre publikasjonar i Tvisyn-konsernet trykt.

Trykkeriet har allereie vore i drift i nokre veker, og det er Malviknytt, Avisa Lofoten og Hustadvikingen som blir trykt i magasinformat her. ØyBlikk, og andre publikasjonar i konsernet, vil framleis bli trykt hos Polaris i det tabloide papiravisformatet.

Saka held fram etter annonsen

– Det er rett og slett fordi det er nok volum til at det framleis gir meining å trykke desse hos Polaris, seier utviklingsdirektør i Tvisyn AS, Ole Gunnar Onsøien, i eit intervju med Medier24.

Onsøien anslår at konsernet sparar rundt to tredelar av kostnaden for trykk, på voluma som dei tre magasina blir trykt i.

Les også: ØyBlikk aukar mest i fylket