Ny lokalavis på veg i Ålesund
Eigar av ØyBlikk, Robin Røkke, har gått inn som medeigar i ei ny avis ved namn RÅ24 i Ålesund. Redaktør blir Kåre Stig Nøstdal.
Det fulle namnet på den nye lokalavisa blir Redaksjon Ålesund, med kortforma RÅ24. Planen er lansering i løpet av oktober.
Redaktør og dagleg leiar for den nye avisa blir Kåre Stig Nøstdal. Han er tidlegare redaktør i den nedlagde gratisavisa Nytt i Uka. Han får med seg Anne Solveig Berge Trandal på laget – også ho med erfaring frå Nytt i Uka.
– Det er ein god porsjon galskap i dette, men vi er førebudd på at det både vil koste og bli mykje jobb dei neste åra. Det kan like godt gå bra! Eg er stolt av å få gjere dette saman med desse folka, og det betyr også mykje å igjen få jobbe med nokre av dei eg jobba saman med i Nytt i Uka og Aesby.no, uttalar Kåre Stig Nøstdal i ei pressemelding.
– Namnet RÅ24 forpliktar, og ambisjonen er å vere rå både på nyheiter og på Ålesund, uttalar Anne Solveig Berge Trandal.
Eit supplement
Nøstdal fortel at han har møtt fleire som meiner at Ålesund treng ei avis til, og som lurer på kvifor han ikkje har tatt ballen etter at Nytt i Uka blei nedlagd. Under eit jobboppdrag i Fosnavåg i juni kom han tilfeldig i prat med Robin Røkke som eig åtte lokalaviser, deriblant ØyBlikk, gjennom Tvisyn Media AS. Frå det møtet har det gått ganske fort fram til ei ny avis blei realisert, kjem det fram av pressemeldinga.
Robin Røkke vektlegg at den nye avisa skal vere eit supplement til Sunnmørsposten, som ei uavhengig, lokal stemme i Ålesund. I første omgang blir det ei rein nettavis, men:
– Vi har jo tilgang til eige trykkeri i systemet, og om responsen er veldig god, så er det kanskje dumt å utelukke at vi kan kome til å lage nokre utgåver på papir, seier Røkke.
I ØyBlikk sine lokale på Valderøya blir det allereie trykt magasinutgåver av to av avisene i Tvisyn-konsernet.
Frank Ove Reite og Frode Stuen er også inne som støttespelarar på eigarsida av RÅ24.


