Tvisyn AS, som frå før eig ØyBlikk og fem andre aviser, har overtatt avisa Østhavet i Vardø. Dermed står Robin Røkke som eigar av sju lokalaviser i Norge.
Avisa Østhavet har gjennom 30 år vore lokalavisa i Vardø, men blei tvangsavvikla i haust.
Saka held fram etter annonsen
– Vi satsar på Østhavet og planlegg at avisa skal gjenoppstå både på nett og papir, uttalar utviklingsdirektør i Tvisyn, Ole Gunnar Onsøien, i ei pressemelding.
I neste uke vil han vere på plass i Vardø for å starte førebuande arbeid. Målet er å få avisa opp og gå så raskt som mogleg. Onsøien har tidlegare jobba som journalist med base i nabokommunen Vadsø. Østhavet skal få ny, moderne nettavis og ei oppfrisking av papiravisa, kjem det vidare fram av pressemeldinga.
Tvisyn AS er no eigar av ØyBlikk, Vestnesavisa, Midsundingen, Hustadvikingen, Malviknytt, Avisa Lofoten og Østhavet.