Tysdag blei opplagstala for første halvår 2024 lagt fram av Mediebedriftenes Landsforening (MBL). ØyBlikk, som var opplagsvinnar i fylket i andre halvår 2023, har gått noko ned i opplaget for første halvår 2024.
Per andre halvår 2023 hadde ØyBlikk eit opplag på 1299 – noko som svarte til 37 prosent av husstandane i Giske. Dette gjorde ØyBlikk til opplagsvinnar i Møre og Romsdal, samanlikna med den same perioden året før. Framgangen var på 14,9 prosent.
Men når ein ser på opplaget for andre halvår 2023 og opplaget for første halvår 2024, går ØyBlikk noko tilbake, frå 1299 til 1246. Likevel ligg ØyBlikk godt over opplaget frå første halvår 2023, som var på 1192. I perioden frå første halvår 2023 og fram til første halvår 2024 ser ein dermed ein vekst på fem prosent.
– Totalt sett har vi hatt god vekst dei siste par åra og er særs nøgde med det. Vi har også hatt eit godt oppsving i abonnentar frå juli i år og fram til no, så vi får sjå om det talet held seg oppe gjennom hausten og vinteren. No fokuserer vi på å vidareutvikle det vi meiner er eit godt og leseverdig produkt, seier ansvarleg redaktør Andreas Hesselberg og legg til:
– Vi oppmodar lesarar til å gi oss både tips, råd og forslag til forbetringar. Vi ønsker at innbyggarane skal oppleve å ha eit personleg forhold til avisa og erfare at det er deira avis.
Talet på digitale abonnement har auka kraftig for ØyBlikk frå første halvår 2023 til første halvår i år: Heile 62,2 prosent. Samstundes har talet på papir-/komplettabonnentar gått noko ned.
Også vår «naboavis» Sunnmørsposten går litt ned i opplag frå andre halvår i fjor til første halvår i år. Elles går totalopplaget i Norge svakt tilbake, men det digitale opplaget aukar med 8,5 prosent.
Opplag i Møre og Romsdal, første halvår 2024 (sortert etter prosentvis endring frå første halvår 2023):
- Driva: 4266 (+10 %)
- ØyBlikk: 1246 (+5 %)
- Vestlandsnytt: 4596 (+4 %)
- Romsdals Budstikke: 17 346 (+3 %)
- Møre-Nytt: 5143 (+3 %)
- Nyss: 4125 (+3 %)
- Sulaposten: 1838 (+3 %)
- Sunnmørsposten: 27 637 (+2 %)
- Aura Avis: 3064 (+2 %)
- Haramsnytt: 1981 (+2 %)
- Storfjordnytt: 1191 (+2 %)
- Vikebladet Vestposten: 4517 (+1 %)
- Bygdebladet: 2313 (+1 %)
- Synste Møre: 1967 (0 %)
- Åndalsnes Avis: 3398 (-1 %)
- Møre: 2968 (-1 %)
- Tidens Krav: 11 754 (-3 %)
- Midsundingen: 1014 (-8 %)
- VestnesAvisa: 1152 (-18 %)