ØyBlikk
4 minutter lesetid

No kan ukrainarar i Giske lese lokale nyheiter på sitt eige språk

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

ØyBlikk kan frå i dag by på ein ny funksjon i nettavisa: Ein kan sjølv velje språk i artiklane. – Det er viktig å få vite meir om lokalsamfunnet, seier Galyna Blindheim.

I første omgang kan ein velje mellom norsk, engelsk og ukrainsk når ein les artiklar i nettavisa. Med ei eiga ukrainsk foreining og mange ukrainarar i kommunen, er dette på tide, meiner ansvarleg redaktør Andreas Hesselberg.

Saka held fram etter annonsen

– Det finst så mange tekniske moglegheiter for tida som ein bør nytte seg av og som mogleggjer enda betre inkludering av menneska som bur i kommunen vår. Derfor er dette noko som vi gjerne vil tilby som ei ekstra teneste for abonnentane våre, seier han.

Håpet er at ukrainarar og engelskspråklege i kommunen ser verdien av å få med seg lokale nyheiter.

– Mange blir her i lange periodar, og mange blir her for godt. Vi har allereie ein godt etablert gjeng med ukrainarar i kommunen, og dei fortener å få vite kva som skjer i lokalmiljøet, legg Hesselberg til.

Slik ser det ut når ein vel språk i nettavisa.

– Takknemleg

Galyna Blindheim er leiar i Foreininga for Ukrainsk Kreativitet og Identitet (FUKI) og ønsker den nye funksjonen velkomen.

– Eg trur ukrainarar i kommunen vil føle seg velkomne når dei får lese nyheiter på ukrainsk. Det er viktig å få vite meir om lokalsamfunnet ein lever i for å føle seg som ein del av samfunnet, seier ho til ØyBlikk.

– Trur du ukrainarar har eit konkret behov for å kunne lese lokalavisa?

– Ja, eg trur dei ønsker å lese avisa for å bli meir integrerte og forstå meir om prosessar som ligg bak politikken, lokal administrasjon og næringslivet. Eg er veldig takknemleg til ØyBlikk som lokalavis for dei gode nyheitene som blir spreidd om ukrainske flyktningar og dei flotte tiltaka som blir gjort for å få dei til å føle seg velkomne.

Saka held fram etter annonsen

Blindheim er elles imponert over korleis ukrainarar har blitt tatt imot i kommunen:

– Kommunen har vist seg veldig positiv til ukrainske innvandrarar, både med hjelp til etablering av FUKI, deltaking på våre arrangement og rådgiving. Eg er veldig takknemleg til kommunestyret. Det er òg veldig kjekt at vi får heise det ukrainske flagget ved rådhuset 23. august, avsluttar ho.

Språkverktøyet bruker Google Translate for å omsetje sakene. Etter kvart kan fleire språk bli lagt til, dersom det er interesse for det. Då kan ein gjerne kontakte ØyBlikk på redaksjon@oyblikk.no.