ØyBlikk
2 minutter lesetid

Mannskap frå Giske bistår i arbeidet med storbrannen

Tysdag tok det til å brenne i vegetasjonen i eit stort område ved Atlanterhavsparken og Sukkertoppen i Ålesund.

Til Sunnmørsposten blir det rapportert at det brenn mykje i terrenget på Tueneset, og det skal vere mykje røyk og flammar opp mot Sukkertoppen.

Saka held fram etter annonsen

Flammane flyttar seg også mot husstandar i Skarbøvika. Fleire husstandar skal vere evakuert.

Det er mykje vind i området tysdag ettermiddag.

Valderøy brannstasjon bidrar med mannskap i sløkkearbeidet, og Sivilforsvaret blir sett inn.

Ein kan kjenne lukta av røyk frå brannen ute på øyane i Giske.

Brannen er godt synleg frå Ålesund sentrum. (Foto: RÅ24)
Brannen er også godt synleg frå Giske kommune. (Video: Ina Sandnes)