Ein eldre mann var onsdag sakna frå Vigra omsorgssenter. Onsdag kveld deltok politiet, brannvesenet, Røde Kors, Norske Redningshunder og mange frivillige i leiteaksjon. Rett ved midnatt blei mannen funnen.
Mannen, som har demens, blei funnen i live like rundt midnatt, melder Giske kommune. Han blir no tatt hand om av helsepersonell. Politiet skriv på Twitter at mannen blei funnen i terrenget av sivile, noko nedkjølt og sliten.
– Politiet rettar ein stor takk til alle frivillige og profesjonelle som har leita gjennom kvelden, skriv dei.
Politiet har søkt med hund og drone etter at mannen blei meldt sakna rundt klokka 15 tidlegare i dag. Før det har òg tilsette frå omsorgssenteret og andre sivile leita etter mannen.
Søkte i fleire timar
Innsatsleiar Odd-Arne Brynjulfsen sa til ØyBlikk i 20:15-tida onsdag kveld at det har vore søkt med eigne ressursar i fleire timar, i tillegg til sivile.
– No har vi fått med mange fleire ressursar, og vi held på med å organisere søket, sa Brynjulfsen.
Mykje mannskap blei utpå kvelden sendt ut til fots i terrenget på Vigra, blant dei Røde Kors, Norske Redningshunder og anna personell. Innsatsleiaren oppmoda sivilbefolkninga til å bistå i leitearbeidet, men dei blei bedt om å fokusere leitinga langs vegane og på eiga tomt for å ikkje forstyrre hundeekvipasjar og anna mannskap ute i terrenget. Innbyggarane blei vidare bedt om å sjekke garasjar, uthus, hagar og liknande.
Sein melding ut til publikum
Politiet gjekk ikkje offisielt ut med melding om den sakna mannen før klokka 19 onsdag kveld.
– Det tok nokre timar før det blei kunngjort at mannen var sakna?
– Dette skyldast at vi allereie hadde nokre spor å gå etter, så vi ville søke ut ein del område før vi gjekk offisielt ut for å få bistand frå fleire aktørar. Også sivile og slektningar var godt i gang med leitinga tidlegare i dag. Klokka 19 blei det betimeleg å gå ut med melding for å få enda fleire til å delta i leitinga, forklarte Brynjulfsen.
Var i beredskap
Ordførar Harry Valderhaug var på staden onsdag kveld og sa til ØyBlikk at det var viktig at kommunen fekk sendt ut SMS-varsling til innbyggarar på Vigra, slik at folk kunne sjekke sine nærområde.
– Det er rørande å sjå at det verkeleg sit i ryggmargen til lokalbefolkninga å trå til. Det ser ut som alle er ute på Vigra no, sa Kenneth Langvatn som òg var til stades for å gjere ein innsats.
Krise- og beredskapsleiinga i Giske kommune var klare til å bistå ved behov.