Familien til ein 20-åring frå Giske kommune meldte han sakna via sosiale medium søndag. Måndag blei han funnen i live i Ålesund, opplyser politiet.
Den unge mannen skal ha vore på to utestadar i Ålesund natt til søndag før han forsvann. Politiet bad då om tips i saka.
Saka held fram etter annonsen
Søndag kveld opplyste Møre og Romsdal politidistrikt sin operasjonssentral at det var sett i verk søk, med redningsskøyte, brannbåt, drone og mannskap frå Raudekrossen. Mange frivillige deltok i søket, også utover måndagen.
20-åringen blei funnen måndag ettermiddag og måtte ha hjelp frå brannvesenet for å kome seg ut frå ein vanskeleg tilgjengeleg stad. Han blei frakta til sjukehus med ukjent skadeomfang, opplyser politiet.