ØyBlikk
5 minutter lesetid

Lokalavisene nyt stor tillit, men det spøker for betalingsviljen

Tilliten til lokalaviser er stor. Samstundes er betalingsviljen, spesielt blant dei yngste, ei utfordring, kom det fram under LLA sitt landsmøte.

(VOSS): Ingvar Sandvik og Nils Petter Strømmen frå analyseselskapet Fifty5Blue (tidlegare Kantar Media) fortalde om medietrendar og la fram status på nordmenn sine medievanar under landsmøtet til Landslaget for lokalaviser (LLA) fredag.

Saka held fram etter annonsen

Mellom anna kom det fram at heile 78 prosent av dei mellom 20 og 39 år seier at dei er interesserte i lokale nyheiter. Det viser at lokaljournalistikken står sterkt – også blant dei unge.

Samstundes er den såkalla livsfaseeffekten sterkt svekka. Tidlegare har ein erfart at folk blir meir villige til å abonnere på lokalaviser når dei blir eldre, men no tyder undersøkingar på at dette ikkje nødvendigvis skjer.

Ei hovudutfordring som blei lagt fram frå scena, er betalingsviljen. Mange forventar å få nyheiter gratis, og fleire meiner at abonnement gir for låg verdi for pengane.

Sosiale medium spelar mykje inn i korleis spesielt dei unge hentar informasjon i kvardagen. Facebook fungerer framleis som ei digital torgallmenning for lokale nyheiter, og kommentarfelta held fram som ein arena for meiningsutveksling. TikTok sender i aukande grad trafikk vidare til nettavisene.

Trass i utfordringar med å få dei unge til å teikne abonnement og auke interessa for lokalavisa, er tilliten til lokalavisene høg. Lokalavisene har ifølgje Fifty5Blue høgare tillit enn mange av dei større, nasjonale media.

Lokalavisene har høgast tillit, saman med Aftenposten og NRK. (Foto: Andreas Hesselberg)

– Lite å tene på ljug

Ein paneldebatt med fire personar i 20–30-åra gav eit bilde av korleis unge orienterer seg i nyheitskvardagen. Dei får informasjon frå mange kantar og stadfestar at dei har tillit til lokalavisa.

– Eg har god tillit til det eg klikkar meg inn på i nettavisa, ikkje til det som blir skrive i kommentarfeltet. Derfor ser eg ikkje på Facebook som ei rein nyheitskjelde. Eg har tillit til journalistikken, og avisene har jo lite å tene på ljug og propaganda, sa ein av deltakarane.

Fleire peikar på at mykje informasjon kjem via «jungeltelegrafen» og sosiale medium, utan at dei nødvendigvis besøker ei nettavis.

– Snapchat og sosiale medium elles gir ofte nok info om kva det dreier seg om, men ein spør gjerne litt rundt for å vite meir, sa ein i panelet.

– Ein får nyheita gjennom tittelen, og mange kommentarar speglar også kva saka handlar om. Ein treng eigentleg ikkje alltid å klikke seg inn, la ein annan til.

Saka held fram etter annonsen

Frå ein tilhøyrar i salen blei det påpeikt at ein kan gå glipp av viktige samanhengar og bakgrunnsinformasjon ved å berre sjå på tittelen og ikkje lese heile saka.

– Treff alle

Panelet var einige om at rolla til lokalavisa er tydeleg.

– Lokalavisa har plass og tillit, og ho skriv om noko som treff alle på ulike måtar, blei det sagt.

Blant tiltak som kan styrke interessa blant dei unge, nemnde panelet billig tilgang til enkeltsaker og meir openheit ved store hendingar:

– Kva om ein tar betalt ein liten sum for enkeltsaker? Då ville eg ha lese meir. Opne saker ved viktige hendingar kan også gi større tillit til mediet og kanskje fleire abonnentar.