Leitar etter rømling – ber om tips
Politiet har sett i verk store ressursar for å leite etter ein mann som rømte frå politiarresten måndag ettermiddag.
Leitinga er førebels konsentrert rundt Ålesund sentrum og i området Aspøy, kjem det fram av politiloggen.
Saka held fram etter annonsen
– Politiet søker etter ein mann på 19 år som kl 13:22 rømte frå politiarresten. Beskriving: mann, 19 år, 190 cm, slank, mørkt krøllete hår, iført raud genser, raud bukse, skriv operasjonsleiar Sindre Molnes som signalement.
Folk som har tips i saka blir bedt om å ringe 02800 og be om å få snakke med operasjonssentralen.
– Mannen er sikta for ei rekke lovbrot, mellom anna alvorleg vald og truslar. Ikkje oppsøk vedkomande ved observasjon, men kontakt politiet umiddelbart, tilføyer Molnes.
Saka blir oppdatert.



