ØyBlikk
3 minutter lesetid

Komplettopplaget fell kraftig, men oppgang digitalt

ØyBlikk har ein nedgang i komplettopplaget på 6,5 prosent (-59) frå andre halvår 2024 til andre halvår 2025. Samstundes aukar digitalopplaget med åtte prosent (+27).

Tysdag blei opplagstala for andre halvår 2025 lagt fram av Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL).

Saka held fram etter annonsen

Framleis rasar komplettopplaget for ØyBlikk (papiravis med digitaltilgang): Nedgangen frå andre halvår 2024 til andre halvår 2025 er på 6,5 prosent (-59) – om lag det same som nedgangen var frå første halvår 2024 til første halvår 2025.

Ein oppgang i digitalabonnement frå andre halvår 2024 til andre halvår 2025 (+27) er ikkje nok til å ete opp fråfallet på komplettabonnement. Dermed endar ØyBlikk opp med ein nedgang i totalopplaget på litt over to prosent.

– I dag kjenner eg på skuffelse. Det er ein trend at komplettopplaget fell, men vi hadde håpa at digitale abonnement hadde tatt igjen dette fråfallet, seier ansvarleg redaktør i ØyBlikk, Andreas Hesselberg.

– Samstundes er eg særs takksam til alle trufaste abonnentar, legg han til.

Peikar på distribusjonen

Med nysatsing på kortvideoar det siste året, med gode visningstal, hadde redaktøren håpa på ein god auke av abonnementstalet.

– Vi jobbar kvar dag for å levere eit godt produkt både på papir og digitalt, men vi veit heilt konkret at fleire har sagt opp komplettabonnementet på grunn av distribusjonsproblem med papirutgåva. Dei får rett og slett ikkje avisa i postkassa. Då er det sjølvsagt trist dersom fleire som seier opp komplett ikkje går over til digitalt abonnement, seier han.

Må framleis jobbe hardt

– Sjølv om vi hadde ein god oppgang i totalopplaget i 2022 og 2023, og opplaget har heldt seg ganske stabilt etter dette, hadde eg forventa auke frå andre halvår 2024 til andre halvår 2025. Andre halvår 2023 var ØyBlikk opplagsvinnar i fylket, med størst prosentvis oppgang, så dette vil sjølvsagt også vere eit mål i framtida, seier Hesselberg og tilføyer:

Saka held fram etter annonsen

– Dette viser berre at vi framleis må jobbe hardt for å få inn fleire abonnentar, med dei avgrensa ressursane vi har. Med eit ras i annonseinntekter dei siste åra, er mange mediehus no meir avhengige av at abonnentane finansierer lokalavisa si. Slik er det også hos oss.

ØyBlikk har per i dag 1,6 journalistårsverk inkludert redaktøren, samt tre frilansarar.

På landsbasis går utviklinga framleis tydeleg i retning av fleire digitalabonnentar og færre papiravisabonnentar. Over halvparten av lokalavisene har auke i totalopplaget, medan om lag halvparten går litt tilbake.