Kokevarselet: Gjeld Valderøya og Vigra, ifølgje kommunen
Ålesund kommune har oppdaga tarmbakteriar i vassforsyninga. Dei har sendt ut kokevarsel som gjeld innbyggarar på Nørvøya, Aspøya, Hessøya og i Giske.
– Kok vatnet du skal drikke og bruke til matlaging, skriv Ålesund kommune i varselet.
Varselet gjeld fram til ny melding blir gitt.
På Bunnpris Valderøy var fleire innom onsdag ettermiddag for å kjøpe vatn på flasker.
Giske kommune har hovudvassforsyning frå Alnesvatnet på Godøyfjellet, men kommunikasjonsrådgivar Torill Myren hos vatn og avløp i Ålesund kommune opplyser til ØyBlikk at øyane i Giske får rundt 25 prosent av vatnet sitt frå Brusdalsvatnet i Ålesund.
Les FHI sine råd om kva ein bør gjere ved kokevarsel.
Berre Valderøya og Vigra
Leiar for teknisk eining i Giske, Svein André Johansen, opplyste først til ØyBlikk at kokevarselet gjaldt heile Giske kommune.
– Vi har no stengt tilførselen i vassleidninga frå Ålesund, og vi tar prøver og analyserer vatnet lokalt. Vi er ganske sikre på at prøvene er ok, men vi skal sende ut eit varsel til innbyggarane i kommunen for å vere heilt sikre, fortalde han i 12-tida onsdag.
I SMS-melding sendt ut frå Giske kommune seinare onsdag ettermiddag står det imidlertid at kokevarselet gjeld for innbyggarane på Valderøya og Vigra.
David Mertsching, avdelingsleiar for drift, vatn og avløp i Ålesund kommune, seier til Sunnmørsposten at innbyggarar moglegvis må belage seg på å koke vatn i to dagar, men at det òg kan gå opp til 3-4 dagar.
Det er viktig at ein kokar vatnet fram til det kjem oppdatert melding som friskmelder drikkevatnet.
ØyBlikk kjem tilbake med meir seinare.

