Steinar fann steinhard stein

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.
Utbyttet blei heller skrint då tjuvar knuste ruta til Krølle Frisørsalong på Valderøya og stal frå kassa natt til laurdag. Inne i lokalet fann Steinar Severinsen ein stor stein som var brukt til ugjerninga.
Det var laurdag morgon klokka 8:45 at innbrotet blei oppdaga av Steinar Severinsen, då han kom på jobb. Tjuvane har hive ein stor stein gjennom vindauget for å kome til kassaapparatet. Det er første gongen frisørsalongen har opplevd innbrot.
Saka held fram etter annonsen
ANNONSE
– Det er kjipt at nokon øydelegg så mykje berre for å få tak i nokre få kroner, seier dagleg leiar Anne-Britt Fylling Nygård til Øy-Blikk.
Då Øy-Blikk var på staden, var politiet ferdig med åstadsundersøkingar. Glassfirma var på plass for å sjå på skadane.
Utbyttet blei skrint: Tjuvane fekk med seg i overkant av 1700 kroner.

