ØyBlikk
2 minutter lesetid

KI, undersøkande journalistikk og avisfellesskap

ØyBlikk er til stades på landsmøtet til Landslaget for lokalaviser (LLA) i Trondheim denne helga. Nyttige fagsesjonar og god avisprat er nokre av ingrediensane.

LLA er ein interesseorganisasjon for nesten 120 lokalaviser landet rundt, og arrangerer årets landsmøte over to dagar i Trondheim.

Saka held fram etter annonsen
ANNONSE

Temaa for fagsesjonane spenner frå KI og undersøkande journalistikk til redaksjonelle problemstillingar, presseetikk, gravejournalistikk og korleis ein når dei unge med relevant og godt nyheitsstoff.

Mellom anna er Samarbeidsdesken – eit unikt prosjekt som blir drive av LLA, NRK og Senter for undersøkende journalistikk i samarbeid med lokalavisene – til stades for å fortelje om erfaringar rundt datajournalistikk og såkalla researchpakker dei utarbeider for lokalavisene. ØyBlikk har førebels lagd tre saker med utgangspunkt i pakkene frå Samarbeidsdesken:

Det kjem fleire spanande researchpakker frå Samarbeidsdesken framover, noko også ØyBlikk og lesarane vil nyte godt av.

Landsmøtet har over 200 deltakarar frå lokalaviser i heile Norge. Tvisyn-konsernet, som eig ØyBlikk, er også representert med deltakarar frå avisene Vestnesavisa, Midsundingen, Hustadvikingen, Aukranytt og Østhavet. Laurdag blir landsmøtet avslutta med festmiddag og prisutdelingar.

ØyBlikk er representert på det store avisbordet på landsmøtet. (Foto: Andreas Hesselberg)