Sjå overvakingsbilde: Politiet ber om tips om gjerningspersonar
Politiet sin operasjonssentral melde laurdag morgon at det var oppdaga knuste ruter hos Pizzabakeren og Krølle frisørsalong på Valderøya. No ber dei om tips.
Det var også stole pengar frå eit kassaapparat hos Pizzabakeren, opplyste operasjonsleiar Arild Even Reite.
Saka held fram etter annonsen
Politiet opprettar sak på forholda og har sikra seg opptak frå overvakingskamera hos Pizzabakeren. Laurdag ettermiddag deler politiet bilde frå opptaket og ber om hjelp til identifisering av personar på bilda. Tips kan meldast til 02800.

Også for to år sidan var det skadeverk og innbrot hos Krølle frisørsalong.




