ØyBlikk si papiravis blir ikkje levert torsdag morgon, ifølgje ei pressemelding frå Helt Hjem Polaris distribusjon.
Årsaka er ekstremvêret «Ingunn».
– Det avgjerande for oss i denne situasjonen er å ivareta omsynet til våre tilsette og tryggleiken til våre leverandørar, uttalar regionleiar for Helt Hjem Polaris distribusjon nordvestlandet, Geir Pollestad.
Saka held fram etter annonsen
Det blir opplyst at distribusjonen skal vere i rute igjen i løpet av veka.
Sjølv om papiravisa ikkje blir levert torsdag morgon som vanleg, finn du papiravisa som e-avis her frå klokka 22 i kveld.