ØyBlikk
2 minutter lesetid

Ikkje lenger mogleg å lure seg unna betaling

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

(Aprilspøk): Avinor ser seg grundig lei av at bilistar parkerer i busslomma ved flyplasskrysset på Vigra for å unngå betaling. No blir det innført gebyr for unnasluntrarane.

Det er ikkje alle som likar å betale for å parkere bilen, enten det gjeld lengre eller kortare turar. Kanskje gjeld det også deg?

Saka held fram etter annonsen

I krysset ved Ålesund lufthamn, Vigra har bilistar i fleire år stått med bilen i ei busslomme i staden for å parkere oppe ved flyplassen. Dette har sjølvsagt vore heilt gratis, og sjåførane har spart både pengar og parkeringsbekymringar. Avinor set no ein stoppar for dette.

Kamera montert

Frå i helga vil nye overvakingskamera registrere sjåførar som trur dei er lure. Desse kameraa er allereie montert ved PlussPark like i nærleiken. Står du i busslomma medan du les nyheiter, må du nok rekne med at bilnummeret ditt allereie er registrert.

Samstundes vil ei eiga parkeringsvakt utsendt frå Avinor gå rundar for å sjekke at ingen bilar står der dei ikkje skal. Det blir ikkje opplyst kor ofte vaktene vil gå rundar.

Til bry i fleire tiår

Busselskapa er sjølvsagt nøgde med at bussane deira endeleg får ha busslomma for seg sjølve.  

Den nye lufthamnsjefen, Bent Sjursen, uttalar til ØyBlikk at ulovleg parkering ved flyplasskrysset har vore til bry for både Avinor og busselskapa i fleire tiår.

No er det uansett slutt på moroa for unnasluntrande sjåførar.