Her kan du lese dei siste oppdateringane i høve ekstremvêret «Ingunn».
Har du bilete eller video frå uvêret? Send det gjerne til oss på redaksjon@oyblikk.no
Oppdatering 22:48:
Dei fleste har fått straumen tilbake, men det er framleis 200 kundar på Vigra og 39 på Giske som ikkje har straum, ifølgje Linja/Mørenett. Og no tar vi kvelden. God natt!
Oppdatering 21:17:
Også over 450 kundar på Vigra er straumlause, melder Linja/Mørenett.
Giskebrua er ikkje lenger stengt, ifølgje Vegtrafikksentralen.
Oppdatering 20:50:
Over 1400 kundar er utan straum på delar av Valderøya, Giske og Godøya, melder nettselskapet Linja/Mørenett.
Oppdatering 18:06:
Giskebrua er stengt igjen, melder Vegtrafikksentralen. Nye vurderingar blir gjort utover kvelden.
Oppdatering 16:10:
Giske kommune melder på sine nettsider at det etter møte mellom beredskapsleiinga og Statsforvaltaren er beslutta å gå tilbake til normal drift frå torsdag morgon. Det betyr at skular og barnehagar i Giske då vil vere i drift som normalt. Skuleskyss vil òg gå som vanleg.
Det blir likevel understreka at Giskebrua kan bli stengt i periodar med mykje vind fram mot fredag.
Ifølgje kommunen vurderer ikkje nettselskapa sjansen for straumutfall som veldig stor, men ein må rekne med små utfall gjennom ekstremvêret.
I heimebasert omsorg er det koordinert personell etter bustad og eigen tryggleik. Det er gjort ein stor jobb med å førebu seg til kvelden og natta på alle øyane, opplyser kommunen. Det blir også oppmoda om at pårørande ser til sine.
Oppdatering 15:17:
Beredskapsleiinga i Giske melder at det truleg blir vanleg skuledag i kommunen torsdag, sidan varselet er gradert ned frå klokka 04:00 komande natt.
Oppdatering 15:10:
Giskebrua er førebels opna igjen, men kan bli stengt på kort varsel.
Oppdatering 14:54:
Vegtrafikksentralen melder onsdag klokka 14:15 at Giskebrua har blitt stengt på grunn av sterk vind. Ny vurdering blir gjort i løpet av ettermiddagen og kvelden. Samstundes skriv Giske kommune på sine heimesider at Vegvesenet følgjer situasjonen tett når det gjeld Gjøsundbrua mellom Valderøya og Vigra.
I høve ekstremvêret bestemte beredskapsleiinga i Giske tysdag kveld at elevane på Giske ungdomsskule skulle ha digital heimeundervisning onsdagen. Kommunen og skulane oppmoda også om at barn skulle halde seg heime frå skulen, men likevel var barneskulane opne for opphald for dei som ikkje kunne vere heime aleine. Barnehagane skulle halde opent som normalt, med mindre det blei gitt anna beskjed.
Det blei òg åtvara mot at barn går aleine utandørs onsdag.
Alle vidaregåande skular i Møre og Romsdal heldt stengt onsdag. Elevar blei bedt om å ikkje møte opp.
Samstundes blei det lagt ein plan for korleis helse og omsorg skulle oppretthalde dei naudsynte ressursane frå onsdag og fram til fredag. Det gjaldt heimebasert omsorg og vaktsituasjon på alle øyane.
– All kollektivtrafikk kan bli stansa, og Giskebrua kan bli stengt, påpeikte kommunen tysdag kveld.
Kommunen oppfordra til at alle møte blei avvikla digitalt eller avlyst onsdag etter klokka 16. Frivillige lag og organisasjonar blei òg oppmoda om å avlyse alle fritidsaktivitetar onsdag ettermiddag.