Håpar på vedvarande reisning
Det dirrar i flykroppen: Juni blei rekordmånad for både Norwegian og Widerøe. Dei rapporterer om auke i passasjertrafikken på høvesvis fem og 14 prosent.
Det er ikkje alle som klarar å halde trykket oppe ein heil månad, men det har altså Norwegian-konsernet klart:
Den nye junirekorden til Norwegian er på om lag 2,4 millionar reisande passasjerar. Det er ny rekord sidan før pandemien og ein auke på fem prosent samanlikna med juni i fjor.
Widerøe, som er heileigd av Norwegian-konsernet, hadde 394 390 passasjerar i juni. Det er beste juni nokosinne og den beste enkeltmånaden i selskapet sin historie. For aller første gong har Widerøe også passert fire millionar reisande i løpet av rullerande 12 månader.
– Det er både motiverande og gledeleg å sjå at stadig fleire vel å reise med oss. Vi tolkar dette som ei stadfesting på at vårt tilbod treffer godt, uttalar kommersiell direktør i Widerøe, Espen Steiro, i ei pressemelding.

– Ser lovande ut
Fyllingsgraden – altså kor mange av tilgjengelege sete som var fylt opp – var 88,4 prosent hos Norwegian og 81,1 prosent for Widerøe. Fyllingsgraden har auka om lag fire prosent for begge to, samanlikna med same månad i fjor.
No ser Norwegian-konsernet fram til resten av sommaren og hausten, og håpar på ein varig trend med stor trafikk av reisande og god fyllingsgrad.
– Juli vil bli svært travel, og bookingtrenden inn mot hausten ser lovande ut. I tillegg held vi fram med å ligge i Europa-toppen på punktlegheit, uttalar konsernsjef i Norwegian, Geir Karlsen.
Per i dag har Norwegian direkteruter frå Ålesund lufthamn Vigra til Oslo, London og Alicante, medan Widerøe flyr til Trondheim (ikkje i juli) og Bergen.
