ØyBlikk
2 minutter lesetid

Gode tal for ØyBlikk

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

I 2023 passerte Øy-Blikk AS driftsinntekter på fire millionar kroner. Det er første gongen sidan Odd Egil Valderhaug starta avisa opp att etter konkursen i 2013.

ØyBlikk er i dag ein del av lokalaviskonsernet Tvisyn AS, som i skrivande stund også eig Vestnesavisa, Midsundingen, Hustadvikingen, Malviknytt, Avisa Lofoten og Østhavet. Til Nett.no fortel eigar Robin Røkke at han i løpet av kort tid også vil starte opp lokalavisa Aukranytt i Aukra.

Saka held fram etter annonsen

Av avisene i Tvisyn-konsernet, er det ØyBlikk som kjem best ut av det for 2023, med driftsinntekter på 4,4 millionar kroner og eit driftsresultat på 394 000 kroner. Det betyr at resultatmarginen er på om lag ti prosent.

Les også: ØyBlikk aukar mest i fylket

Øy-Blikk AS har bikka driftsinnteker på fire millionar for første gong. (Skjermdump frå Proff.no)