ØyBlikk
2 minutter lesetid

Gledelege tal: Så mange «kom ut av luka» i 2025

Statistikken for fødslar i Giske i 2025 er offentleggjort.

Vi innleiar denne saka med eit gullkorn frå barnemunn: Først blir mora bestøva. Så festar støvet seg og begynner å slå røter. Til slutt kjem babyen ut av ei luke i enden av mora.

Saka held fram etter annonsen

105 barn blei fødde i Giske kommune i fjor. I tillegg er tre nyfødde i 2025 nytilflytta til kommunen.

Det viser tal frå helsestasjonen i Giske. Talet på fødslar har auka jamt sidan 2022 (83), men ligg eit stykke unna toppåret dei siste sju åra (121 i 2021).

12 av barna som blei fødde i 2025 har utanlandske mødrer. 41 barn blei fødde av førstegongsfødande, 34 av andregongsfødande, 22 av tredjegongsfødande og åtte av fjerde- og femtegongsfødande.

Nettovekst

Ifølgje helsestasjonen har 54 barn frå 0-15 år (38 familiar) flytta til Giske kommune i løpet av fjoråret. 31 av desse barna er utanlandske (21 familiar). 44 barn frå 0-15 år (29 familiar) har flytta frå kommunen same år. Det betyr at nettotilflyttinga i Giske i 2025 var på ni familiar og ti barn.

Til slutt tar vi med enda eit gullkorn frå barnemunn: Det som er viktig for mødrer, er at dei får barn. Dersom dei tilfeldigvis er så uheldige å ikkje få barn, må dei vere aleinemødrer heile livet.