Ap-laget Nidaros sosialdemokratisk forum, med Trond Giske som leiar, har fått 1000 nye medlemmar siste veka – og langt fleire dei siste vekene.
No vil Ap-folk breie forumet ut over fleire delar av landet: Ap-medlem Ågot Himle vil starte nytt Ap-lag i Bergen, ved namn Bjørgvin sosialdemokratisk forum, ifølgje NRK.
Også i Arendal har det kome signal om ein avleggjar av Nidaros-forumet.
Giske sosialdemokratisk forum?
ØyBlikk har spurt Ap-representant i Giske kommunestyre, Erlend Giskeødegård Holm, om dei fryktar eit nytt Giske-lag i Giske, til dømes ved namn Giske sosialdemokratisk forum.
– Nei, det fryktar vi ikkje, er hans korte kommentar.
«Opprøret» i Arbeidarpartiet kjem i kjølvatnet av eit forslag frå sentralstyret om at representasjon til landsmøtet skal bli avgjort ut ifrå kor medlemmane er folkeregistrert, ikkje kor dei er medlemmar. Det forslaget får Bergens-politikaren til å himle med auga:
– Dei ønsker å degradere medlemmar i Nidaros ut ifrå geografi. Derfor startar vi lokallag, seier Ågot Himle til NRK.