ØyBlikk
2 minutter lesetid

Flaskene er henta opp

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Gassflaskene som blei senka i sjøen etter brannen på moloen på Roald i juli, blei onsdag henta opp av brannvesenet.

Det stadfestar brannsjef ved Ålesund brannvesen, Sindre Egeness, i ein e-post til Giske kommune onsdag kveld.

Saka held fram etter annonsen

– Saken er handtert, og gassflaskene er henta opp av sjøen og levert til destruering. Det er bra at nokon gjer oss merksame på at slikt ligg i hamnebassenget, skriv Egeness.

ØyBlikk kontakta brannvesenet og politiet etter eit dykkartokt i Roald hamn. Dei avbilda flaskene viste seg altså å stamme frå brannen i juli. Egeness undestrekar at det i utgangspunktet er eigar sitt ansvar å handtere slike saker i etterkant, men at brannvesenet vil kunne bistå ved behov.

Men det er langt meir som skjuler seg under overflata: Slik er det under vassflata i Roald hamn
Les meir: Evalueringa er klar etter Roald-brannen